Listen "035: Intervju med Sigurd Torget - Del 3 av 4 (1997)"
Episode Synopsis
Sigurd Torget vart intervjua av Karl Gloppen i februar og mars 1997 over to økter. Dette resulterte i nesten tre timar med opptak, som me har delt inn i fire delar. I denne episoden held me fram med torvmyrene før samtalen går vidare til vassleidninga frå Risøyo til Selsøy, bygd på 1980-talet. Me høyrer om stadnamn på Risøyo, om Ola og Salomon Risøy, og om fartøybygging i vika.Vidare får me høyre om eit funn av ei steinøks i Kastevikjo, og om vestsida av Gisøya, der Gloppen ser føre seg eit bølgekraftverk i Skråmevågen. Me får også innblikk i ei halv bok som vart dikta her, samt torvuttakinga på sørvestsida av øya. Episoden rundar av med fleire stadnamn og fluer på sør- og sørvestsida av Gisøya, samt fuglelivet på holmane rundt.Me tilrår å følgja med på eit kart medan dei snakkar – det gjer opplevinga endå kjekkare. På nordhordlandskart.no/Stadnamn finn du mange av stadnamna som Karl Gloppen noterer her, nedskrivne av Harald Westerheim direkte frå karta til Gloppen.
More episodes of the podcast Fitjarminne
039: Intervju med Peder Flatøy (1997)
07/07/2025
038: Intervju med Rasmus Torsdagsøy (1997)
13/06/2025
037: Intervju med Borghild Tverderøy (1997)
02/05/2025
ZARZA We are Zarza, the prestigious firm behind major projects in information technology.